Spleis for nye verstasjonar
Vi har vedtatt å få opp to verstasjonar til, og då treng vi all den støtte vi kan få. Vil du vere med på "Spleis", brukar du denne lenka: www.spleis.no/project/165272. Om du ikkje vil spleise, so ver i alle fall med å stemme på denne spleisen. 50 stemmer og vi er med på vekestrekning om kr 10 000! Du kan stemme ein gong pr dag pr eining (mobi, nettbrett, PC). Bruk same lenka for stemming også. Dette gjeld kvar veke i heile februar!
Klar for å slå deg i lag med fuglane?
Himmelseglarane held kurs av ymse slag jamt – både speedglider, paraglider og sikkerheitskurs. Det neste blir i eit nybyrjarkurs i paragliding i vinter, nærare bestemt 22.–28. februar og 5.–11. mars. NB: Nybyrjarkurset er no fullteikna, men det blir nytt kurs i sommar.
Vidare utover vinteren/våren/sommaren vert det speedriderkurs, SIV-kurs, kurs for speedriderpilotar som vil flyge PG og fleire nybyrjarkurs. Meir informsjon om kurs finn du her. Her kan du også melde di interesse for kurs. Velg i skjemaet.
Vil du vere med på det neste nybyrjarkurset vi arrangerer, kan du melde deg her.
SIV-kurs?
Vi held SIV-kurs på Loen etter kvart som behovet melder seg. Neste kurs blir i mai/juni 2021. Bruk skjemaet her for å melde interesse for neste kurs.