Reglar

Ved flyging på Bondalseidet eller andre plasser i luftsportsboksene til Himmelseglarane skal ein ringe til Møre Kontroll på tlf: 748 25 800 for å opne luftrom.

Ein skal avtale høgd over havet, kva luftsportsboks som skal opnast (nord, midt eller sør).

Alle som flyg på Bondalseidet eller i luftsportsboksene til Volda og Ørsta Himmelseglarlag skal fly med radio på frekvens 154.175.

Dersom det er fleire på start blir den som ringer Møre dagens ansvarlege. Han eller ho skal melde fra til Møre kontroll når dagens flyaktivitet er avslutta. Dagens ansvarlege skal vere tilgjengeleg på telefon også i lufta, slik at Møre kan ringe dersom dagens avtale om høgd eller luftrom endrar seg.

Ved melding om endring frå Møre Kontroll skal dagens ansvarlege melde vidare om dette på radio. Dei andre pilotane skal gjenta meldinga slik at alle i lufta får dette med seg.

For at vi skal få beholde luftsportsboksane og det gode forhaldet til Avinor, er det viktig at alle fyl desse reglane.

NB: Ved flyging til Grodås mot Stryn skal ein ringe Stavanger kontroll på tlf: 516 50 183 for å få tillatelse til å flyge i Sogn TIA nordaust.

Med ynskje om ein fin flydag!
Fagleg leiar i Volda og Ørsta Himmelseglarlag

Luftromskart for området vårt (og resten av landet).

Volda/Ørsta himmelseglarlag

PB 319, 6151 Ørsta
Bank: 3992 40 22950 -  Vips: 102018