Ørsta Hang Glider Club vart skipa i 1978. Vi byr inn til 40 års jubileumsfeiring og mimrekveld på Ivar Aasen Hotell i Ørsta, fredag 28. desember kl 1800.
I tillegg til dagens himmelseglarar, inviterer vi spesielt veteranar frå dei tidlege åra. På programmet står historier, film, bilete og skrøner frå hine harde dagar.
Ta gjerne med gamle loggbøker, bilete og filmstubbar. Vi reknar med å ha utstyr til både digitale og klassiske format (super-8 og dias) Det blir laga ei lita utstilling av gamle trykksaker, premier, t-skjorter, etc. Ta med hvis du har slikt liggande.
Mat blir det også: På menyen står kvit tomatsuppe, Snøfrisk-gratinert laks fra Aukra, Ananascarpaccio med sitronmelisse, vaniljekrem og sitron-is. Dei som ynskjer noko spesielt i glaset bestiller ved bordet for eiga rekning.
Prisen blir kroner 450,- pr person. Ta gjerne med din bedre halvdel. Påmelding ved betaling til konto 3992 40 22950 eller Vipps 102018, innan 10. desember. Hugs å mekre innebtaling med namn og at det gjeld jubileumsfesten.
Hvis du lurer på noko, eller har innspel til program, kontakt Asbjørn Andersen tlf 90566308 eller Stein Gjøsund tlf 90175657.