Advarsel

JUser: :_load: Kan ikke laste bruker med id: 325

Årsmøte­innkalling 2021

09 januar 2021

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Himmelseglarlaget onsdag 17. februar 2021, klokka 19.00. Sidan corona-tiltaka framleis gjer eit "vanlig" møte vanskelig, vil vi i år prøve med eit digitalt årsmøte, via Microsoft Teams.

Sakliste
Sak 1: Godkjenne stemmeberettiga
Sak 2: Godkjenne innkallinga
Sak 3: Godkjenne sakliste
Sak 4: Val av dirigent og referent
Sak 5: Val av to medlemmer til å underskrive protokollen
Sak 6: Årsberetning 2020
Sak 7: Handsame rekneskap og revisjon
Sak 8: Handsame arbeidsplan og budsjett
Sak 9: Fastsette medlemskontingent
Sak 10: Val
Sak 11: Eventuelt/innkomne forslag

Saker som ein ønsker å ta opp på årsmøtet, må vere styret i hende seinast 3. februar 2021. Send dei på e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli sendt ut til medlemane i e-post seinast éi veke før årsmøtet.
Dette møtet vert halde digitalt via Microsoft Teams, og de kan bruke enten mobiltelefonen eller en PC. Webkamera er nødvendig om de vil ha levande bilder, – utan kamera får du berre lyd. Teams på PC kan brukast som eigen app eller du kan velge å bruke Edge, nettlesaren til Microsoft, i staden – det funkar også heilt fint. På starten av møtet vil vi bruke nokre minutt for å bli samde om korleis gjennomføringa av møtet skal gå føre seg.

Bli med på datamaskinen eller mobilappen.
Klikk her for å bli med i møtet
Skru gjerne av kamera og mikrofon så spare vi bandbredde – skriv gjerne spørsmål i chatten underveis eller "rekk opp ei hand" om du vil stille spørsmål eller kommentere muntlig.

For å ha stemmerett må medlemen ha fylt 15 år, vore medlem i Himmelseglarlaget i minst éin månad, og ha betalt kontingent. Medlemar under 15 år har møte- og forslagsrett.

Velkommen til årsmøte!
Med venleg helsing
styret i Volda - Ørsta Himmelseglarlag


Latest Articles

Årsmøte­innkalling 2021

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Himmelseglarlaget onsdag 17. februar 2021, klokka 19.0...

Årsmøte­innkalling 2020

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Himmelseglarlaget onsdag 19. februar 2020, klokka 19.0...

Lotteri­vinnarane

No har vi gjennomført trekning i Vippsotteriet vårt, og vinnarane vart: PG-kurs vart vunne a...

Volda/Ørsta himmelseglarlag

Boks 108, 6069 Hareid
Bank: 3992 40 22950 -  Vips: 102018