Bondalseidet Open 2019

Om vergudane og andre gode makter er med oss, skal vi arrangere NorgesCup, Bondalseidet Open, i helga 29.–31. mars 2019.

Dette er same helga som X2-festivalen gjeng av stabelen i Volda, og vi prøver å få til ei merkelandingskonkurranse i samband med dei. Ein god grunn for å delta på Bondalseidet Open sjølv om du ikkje stiller i NogesCupen ...

Ankomst torsdag kveld og start på fredag formiddag. Vi kjem etterkvart tilbake med meir detaljert program.

Meir informasjon:

Stad

Ørsta Skisenter på Bondalseidet i Ørsta kommune på Sunnmøre.

Skisenteret
Overnatting

Vi har leigd oss inn på sportskapellet som ligg berer 100 meter frå stolheisa, og der er det 4- og 8-mannsrom til kr 190,- pr natt. Ønsker du å nytte dette tilbodet, – send e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. med antall netter og antal personar.For campingplass er Hjørundfjord Camping på Sæbø mest aktuelt.

Campingplassen
Påmelding

Påmelding til NorgesCupen er no opna.

Påmelding KKPGxc

Volda/Ørsta himmelseglarlag

Boks 108, 6069 Hareid
Bank: 3992 40 22950 -  Vips: 102018